Nye kulturgardar

«Eg vil på vegne av Kulturgardar i Gudbrandsdalen (KiG) ynskje velkomen til nye heimesider. KiG er mest kjent for Gardmillom som har vore eit vellykka samarbeid mellom gardar i heile Gudbrandsdalen i slutten av juli i over 10 somrar.  Antal gardar i samarbeidet har gått litt opp og ned, og i 2012 er vi 9 gardar. Vi har siste året slått oss saman med aktørane i Vågå Gardshotell som nå blir vidareført som Gardshotell i Gudbrandsdalen i samarbeidet. Kig får nå to arbeidsfelt; Gardmillom og Gardshotell i Gudbrandsdalen.

Det er Cecilie Asp i Kreativ Næringsutvikling som har stått for den daglege drifta frå starten og styrt oss gjennom både opp- og nedturar. Ho er ein viktig grunn til at vi fortsatt eksisterar som organsisasjon. Ho har nok hatt mange utfordringer med halde styr på oss. Det har vore mange mailer, purremailer etc spesielt om våren når Gardmillomprogrammet skal samlast inn og ingen sendar inn informasjon til avtalt tid. Og når opp til 16 gardar har sendt inn sitt program med ulik skrifttype, oppsett, språk etc, har nok frustrasjon vore til stades. Eg vil benytte anledninga til å takke Cecilie nok ein gong for at ho har hulde ut med oss så lenge. Vi har fortsatt tett samarbeid med Cecilie, men nå har vi tatt over den dagelege styringa sjølv. Det trur eg vi har godt av for ho har nok skjemt oss bort. Cecilie hadde også i oppgave å ta hånd om alle felles henvendelser til KiG. Dette vart krevande, så heretter må du ta kontakt med ein av gardane, så hjelper vi til så godt vi kan.

Norsk landbruk er i stadig endring og vi høyrer nesten kvar dag om utfordringane som bøndene har. Tilleggsnæring eller arbeid ved sidan av garden har nesten blitt heilt nødvending i bondeyrket idag. KiG består av ein gjeng positive bønder som ser mest moglegheiter på garden sin. For meg har det å  treffe «likesinna» vore ein viktig del av samarbeidet. Gjennom samlinger og møter i KiG får ein ny energi og problemet er vel at ein får fleire ideer enn ein faktisk klarer å få satt ut i livet når kvardagen innhentar ein. Vi har plass for fleire positive bønder i samarbeidet, så om du har ein ide på garden din, er det berre å ta kontakt.

Det er mykje som skjer i Gudbrandsdalen om sommaren, så vi har valgt å redusere Gardmillom frå ti til fire dagar. I år blir det Gardmillom 26.-29. juli og eg håpar alle finn noko spennande i programmet som dei har lyst å oppleva. Kalven Sæter ved Lemonsjøen er ny i programmet i år.  Vi får også ein aktivitetskalender på heimesidene der vi legg inn andre aktivitetar og arrangement gjennom heile året.

Gardshotell i Gudbrandsdalen burde vera eit spennande alternativ til overnatting for reisande i dalen. Her er vertskap, bygningar og lokal mat unikt og opplevinga blir nok ei heilt anna enn i eit stort kjedehotell.  Da vil eg avslutte med å ynskje alle velkomen til spennande opplevingar på Kulturgardar i Gudbrandsdalen!

Hans Brimi (styreformann)