Aukrust Gard og Urteri

Solsidevegen 449
N -2686 Lom
GPS (Euref 89, sone 32):
N: 61 34 33  Ø: 09 53 35

Tlf: 61 21 12 15
E-mail
Gardens hjemmeside 

Franziska og Ola Aukrust

Franziska og Ola Aukrust driv garden under Lomseggen, saman med 5 barn, medarbeidarar og praktikantar. Hos oss får du opplevingar og kunnskap omkring natur, økologi, urter og litteratur – og gjerne litt ettertanke om livet.
.

Om garden

Garden ligg sørvendt og solrikt til i Bøverdalen i Lom. Her finn du ein urtehage som kan gje deg kunnskaper om kjende og ukjende urter, – eller rett og slett ei vakker og duftande oppleveing. Kom og gå på eiga hand, – eller bestilling omvisning. Vi dyrkar og foredlar Norges største utval av økologiske krydder og tear, som du kan få kjøpt i Gardsbutikken. Opningstider: Tirsdag og torsdag 15.00 – 18.00, laurdagar 11.00 – 15.00. Her finn du også egg og spekepølser frå eigne dyr, og sesongens grønt. Vi tilbyr skreddarsydde opplegg for grupper. Det vert samansett av omvisning, matserververing bygd på garden sine produkt, og kulturprogram med musikk i det nybygde Urtehagehuset.

Åpningstider / sesong

Opningstider i gardsbutikken sumarhalvåret : Tirsdag og torsdag 15.00 – 18.00, laurdagar 11.00 – 15.00. Eller etter avtale for grupper. Eller kom og rusle på eiga hand, – vi er oftast i nærleiken om du lurer på noko

Vis Aukrust Gard og Urteri i et større kart