Kalven Seter

Lemonsjøen
N -2683 Tessanden
Mob: 976 26 554  (Anne-Mari)/ 917 64 937 (Øistein)

E-post
Gardens hjemmeside
.
.
.
.

Anne-Mari Sandvær og Øistein Formo

Anne-Mari, Øistein, Selma Isabelle og Estin Jason ynskjer deg hjarteleg velkomen til seters.
Øistein er sjølvstendig næringsdrivande. Han driv firmaet Brødrene Formo saman med brødrene sine. Han er og bestyrar på eit privat hyttetun i heimfjellet. På garden Kviten driv han og Anne-Mari med gras og kjøtproduksjon. Når Anne-Mari ikkje er baristabudeie på Kalven Seter, kosar ho seg heime saman med Estin Jason (1 år), og brukar ellers tida heime til å utvikle Kalven Seter og framtidig gardsturisme på Kviten.

Om setra

Kalven er ei perle av ei seter som ligg idyllisk til i sørenden av Lemonsjøen, like ved riksveg 51, som er ein av Noregs Nasjonale Turistvegsatsingar og ein av fleire ankomstvegar til Sjodalen og Jotunheimen.
Kalven høyrer til garden Kviten på Tessanden ved Vågåvatnet, der eigarane av setra, Anne-Mari, Øistein, Selma Isabelle og Estin Jason bur.
Frå 2005 og fram til i dag har setra vore gjennom ein omfattande restaureringsprosess. Seks av åtte hus er restaurert autentisk både når det gjeld arbeidsteknikkar, materialval og løysingar. Norsk Kulturminnefond har vore involvert i prosjektet frå dag ein og er ein viktig bidragsytar til at vi kan realisere draumen vår om å attendeføre setra til slik ho ein gong var. Vi er stolte over å kunne syne fram husa våre.

Åpningstider / sesong

Vi har ope kvar dag i sommar frå 23. juni til 17. august frå 11.00-16.30. Vi har og ope i helger utover hausten og i vinterferiehelgene og påska. Følg med på heimesida vår og på facebook for å få ein nøyaktig oversikt over opningstidene.
Vi håper du tek turen innom for å sjå på dei unike husa våre og for å helse på oss og nyte ein god kaffekopp i solveggen. Hjarteleg velkomen!

.


Vis Kalven Seter i et større kart